tirsdag 11. desember 2007

Lundefestivalen på Røst

Lundefestivalen på Røst har vore feira kvart år sida mai i 1996, som følgje av ulovleg lundefangst. Øyværingane snudde nokke negativt om til noko positivt, og festivalen er no eit av årets høgdepunkt på Røst.

Røst er eit øysamfunn omtrent 10 mil vest for Bodø, med omtrent 650 innbyggare.
Røst er i dag ein av verdas største sjøfuglkoloni med så mykje som 4 millionar sjøfuglar.
Lundefestivalen hadde 10-års jubileum i 2005, men det blei ikkje noko av det i 2006 fordi dei hadde ikkje nokre lokala til det. I år derimot blir det i den nye allhallen som no er under bygging. Tidligare år har festivalen vore feira på Færøya. Det første året med lundefestival blei en suksess med turistar fra mangfoldige kulturar. Det er ikkje bere ein kultur og naturfestival der festivaldeltakarne blir fortalt om sjøfugl bestandens tilstand, men også ein blanding av artistar og kunstnare utenfra. Lundefestivalen blir haldt gjennom ein heil helg, fra fredag til søndag.
Festivalen begynner med festivalsending fra lokalradioen Radio Røst, men dei fleste Røstværingane forbinder festivalstarten med ein fotballkamp med to utvalde, lokale lag. Disse lagane har opp gjennom årane vore kommunestyret, lærerane, brannvesnet, og fiskekjøparne. I år vil de prøve å få til en kamp mellom Røst IL og Værøy IL. Både fredag og lørdag er det dans i festlokalane til langt på natt. Da er det salg av matrettar som Bacalao, Lundefestivalen avsluttes på søndag med at ordføraren seier nokre ord om utviklinga i Røstsamfunnet. Da er det salg av kaker,kaffe og brus. Festivalkomiteen sørger for å få band til festivalen sånn at det blir ein ordentleg og fin stemning. Det har vore fleire kjente artistar på festivalen. Artistar som DDE, Return, Jørn Hoel, Steinar Albrigtsen, holmsve, Jenny Jensen,hellbillis og bjelleklang. I år har komiteen klart å booke Picasso og Too far gone til festivalen.